[Heim] [Utstilling] [Galleri] [Kaffibar] [Butikk] [Historikk] [Presse]

 

Detaljrik surrealisme

Utstillinga til Øyvind Sture er ei oppvising i detaljrik surrealisme.

Saman med maskene til elevane i 3. klasse ved formgjevingslinja til KVV utgjer Øyvind Sture sine leirefigurar basisen i utstillinga «Masker». Utstillinga, som opna laurdag, er eit godt høve til å sjå flott arbeid utført av lokale krefter.

– Kjekk prosess

Leirefigurane til Øyvind Sture utgjer hovudattraksjonen på utstillinga. Dei tretten figurane han har stilt ut er imponerande detaljrike og uttrykksfulle.
– Det er lov å bli litt flaue når ein ser figurane på nært hald, sa Gøril Guddal då ho opna utstillinga.
Ho sikta nok til dei av figurane som er eksplisitt erotiske. Sams for alle er det surrealistiske uttrykket. Personar med to hovud, kropp som er mann på eine sida og kvinne på andre sida, to armar men berre ei handflate.
– Å jobba med leire er ein annan type prosess enn maling, som er ein veldig direkte måte å jobba. Eg veit ikkje heilt kva det skal bli når eg byrjar, men eg leikar med leira. Det er ein kjekk prosess. Eg har halde på ei stund med figurane, dei eldste er opptil to å gamle, seier Sture.

Masker

52-åringen frå Rælingen har budd lenge i Uskedalen, og er ein del av det kvinnherske kunstnarmiljøet. Han har mellom anna undervist i teikning, maleri og grafikk i ti år ved Sunnhordland Folkehøgskule på Halsnøy. Det siste året har han undervis ved formgjevingslinja til Kvinnherad vidaregåande skule. Nettopp tredje klasse ved denne linja er med på utstillinga.
Kvar av dei tolv elevane har tatt avstøypingar av sitt eige andlet, og kvar av elevane har stilt ut to masker laga av denne avstøypinga. Ein variant av maskene er porselenskvit og uhandsama, medan den andre varianten er dekorert.
Ole Jørgen Onarheim synte på utstillingsopninga fram sin kortfilm, som er laga i saman med formgjevingsklassen på førespurnad frå Sture.
– Det er ein litt djup film, som spelar litt på eksistensialisme, surrealisme, forvirring og forholdet mellom menneske, seier Onarheim.
Utstillingsopninga trekte som vanleg eit fullt galleri. Velleta som gjekk i retning Sture og KVV-elevane var udelt positiv.
– Imponerande, var adjektivet som gjekk mest att.

Håvard Sætrevik (Grenda 11. april 2006)

 


 

 

Galleri G Guddal, Skålafjæro 16, 5470 Rosendal. Tlf 53 48 19 55 / 957 86 322 , e-post gguddal@online.no
Mandag - torsdag 10.00 - 16.30 (juli 17.00). Fredag 10.00 - 18.00. Laurdag 10.00 - 15.00. Søndag i juli 12.00 - 16.00.